mandag 24. september 2007

London baby!



Det var i de dager i september då eventyrklassen tok turen til England. Turen bestod av ein dag i London, der me skulle rekke over alt som var å sjå.

Me reiste frå Torp tidlig ein tysdagsmorgon. London låg for våre føtter alt klokka tolv midt på dagen. Det fyrste me gjorde var å ta turen til Trafalgare Square, der me gjekk ned til Westminister. I løpet av den turen fekk me sjå National Gallery, Trafalgare Square, Downing Street, Big Ben, London eye og Paralmentet.
Like etter tok me turen igjennom The Green park, der me til slutt kom til Buckingham Palace.

Ut på ettermiddagen fekk me fritid og me splitta oss for å gjere det me ville. Dei fleste brukte tida på handling. På kvelden splitta klassen seg i to, og ei gruppe reiste på musical for å sjå Chicago. Imens dei andre drog på fotballkamp for å sjå Rosenborg - Chelsea.


Ingen kommentarer: